Hensikt
I denne aktiviteten blir barna sine motoriske ferdigheiter utfordra ved at dei skal bevege seg som ulike dyr.
Forklaring
- Barna sprer seg rundt på leikeområdet.
- Den vaksne deler ut eitt kort til kvar barn, og passer på at det er to like av alle kort som blir delt ut.
- Barna skal så imitere det dyret dei har på biletet sitt. Gjerne berre med rørsle fyrst, og om det blir vanskeleg kan ein leggje til lyd.
- Barna skal no finne det andre barnet som har det same kortet som ein sjølve, ved å sjå på rørslene til dei andre barna.
- Barna som finn kvarandre går saman til eit avtalt område (t.d. fjøset) -fortsatt ved å imitere det dyret dei fekk på kortet sitt.
Tips
- Her kan den vaksne vere med å styre kva for bevegelsar barna øver på ved å velje ut kva for kort dei nyttar i aktiviteten.
Variasjon
- Ved å endre på lotto/memorykort kan ein t.d. arbeide med dyr i skogen eller insekt.
Utstyr
Lotto/memorykort av dyr på bondegarden