Lag ein figur

Hensikt

I denne leiken blir barna kjend med ulike geometriske formar, samstundes som dei er i rørsle.

Forklaring

  1. Legg dei utklipte formane på golvet i den eine enden av leikeområdet.
  2. Samle barna på den andre sida.
  3. Deretter får barna i oppgåve å hente seg ei og ei form for å lage eit bilete (t.d. ein buss -kva former treng barna å hente for å byggje ein buss?).

Tips

  • Den vaksne kan styre kva barna skal byggje, eller barna kan få friare oppgåver der dei er kreative og etterpå skal forklare kva dei har bygd.

Variasjon

  • Ein måte å variere leiken på er om barna arbeider åleine, i par eller i små grupper.
  • For å gjere leiken meir motorisk utfordrande, kan ein kan leggje inn ei hinderløype som barna spring gjennom for å hente formane.

Utstyr

Fleire utklipte formar i ulik storleik (ein må ha fleire av same form)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet