Hensikt
Barna får kjennskap til ulike former ved å nytte kroppen til å lage former i snøen.
Forklaring
- Bruk snøen til å trakke ulike former, bokstavar eller tal i snøen. T.d. Dersom ein arbeider med former, kan ein trakke sirkel, trekant og firkant. Om barna er opptekne av bokstavar kan ein trakke ulike bokstavar. Kanskje kan alle barn trakke sin bokstav? Ein kan óg arbeide med tal, t.d. trille ein terning og deretter trakke dette talet i snøen.
Tips
- Dersom ein trakkar ulike former, tal eller bokstavar i stort format, kan ein springe på trakket etterpå. T.d. springe i eit 8-tal, springe i ein sirkel, eller ein M. Ein kan óg ha sisten inni trakka. Hugs då på at ein må ha moglegheiter for å rømme vekk frå den som har sisten, -det er ikkje så lett i ein sirkel t.d. men fungerar om ein gjer sirkelen om til ein Ø eller eit 8-tal.
Utstyr
Nysnø