Land, sjø og luft

Hensikt

Leiken utfordrar arbeidsminnet til barna ved at dei skal hugse korleis dei skal reagere på kommandøren sine kommandoar. Barna skal handle så raskt som råd etter kommandoen. Ein kan gjere leiken ekstra utfordrande ved å leggje til fleire reglar etter kvart.

Forklaring

  1. Lag ein strek på bakken eller nytt ei linje/tape på golvet.
  2. Vel ut ein som skal vere kommandør. Han/ho skal stå i enden av streken.
  3. Dei andre barna står med ein fot på kvar side av streken, vendt mot kommandøren.
  4. Kommandøren ropar “land”, “sjø” eller “luft”. Land = hopp til høgre for streken. Sjø = hopp til venstre for streken. Luft = hopp rett opp i lufta.

Variasjon

  • Ein progresjon kan vere at dersom ein ropar same kommando to gonger etter kvarandre, skal ein stå i ro den andre gongen beskjeden kjem.
  • Ei ekstra utfordring kan vere at dersom ein ropar same kommando tre gonger på rad, skal alle hoppe rett opp tre gonger.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet