Lathans, soldat og konge

Hensikt

Denne aktiviteten utfordrar arbeidsminnet til barna ved at barna må hugse ulike rørsler knytt til ulike ord. Vidare må dei reagere raskt på kommando. Aktiviteten utfordrar óg motoriske ferdigheiter der ein kan velje kva for øvingar barna skal øve på.

Forklaring

  1. Når musikken spelar, bevegar barna seg fritt i rommet.
  2. Når musikken stoppar, ropar den vaksne: «Lathans», «soldat» eller «konge». Barna skal då gjere den øvinga som er knytt til det aktuelle ordet. T.d. Lathans = stå på golvet med hovudet og armane slapt hengjande mot golvet, Soldat = ligg på golvet stiv som ein tømmerstokk, og Konge = stå med beina frå kvarandre og armane strekt over hovudet.
  3. For å gjere aktiviteten meir utfordrande kan ein byte rørsler som er knytt til dei ulike orda.

Variasjon

  • For å leggje inn øving på balanse kan dei tre oppgåvene vere: Lathans = setje seg på rumpa og løfte armar og bein, Soldat = stå på ein fot, og løfte den andre framfor seg, bak seg og til sida, Konge = ei hand og ein fot i golvet.
  • Når musikken spelar, kan ein variere korleis barna forflyttar seg. T.d. kan ein forflytte seg på ein fot, på alle fire, på magen, på ryggen eller på rumpa.

Utstyr

Musikk

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet