Leik med erteposar

Hensikt

Gjennom leik med erteposar utfordrar barna sine motoriske ferdigheiter knytt til objektkontroll og koordinasjon.

Forklaring

Dømer på ulike oppgåver barna kan gjere med erteposane:

  • Kan du balansere erteposen på ulike kroppsdelar? T.d. hovud, skulder, vrist, kne, under foten?
  • Kan du gå/springe mens du har erteposen på ulike kroppsdelar?
  • Kan du krype med erteposen på ryggen, på hovudet eller på leggen?
  • Kan du rulle på golvet med erteposen mellom knea, mellom anklane og under haka?
  • Kan du kaste erteposen i lufta og fange den igjen?
    • Kor høgt greier du å kaste og fange den igjen?
    • Kor mange kast greier du på rad utan at erteposen går i golvet?
    • Kan du kaste frå den eine handa til den andre?
  • Klarar du å leggje deg ned på golvet mens du har erteposen på panna?
  • Klarar du å få erteposen opp av golvet ved å krølle tærne rundt?
  • Klarer du å ta opp noko (t.d. ein annan ertepose, ei kjegle eller anna) frå golvet medan du har ein ertepose på hovudet?
  • Klarer du å stå på alle fire og skyve (sende) erteposen i mål?
  • Klarar du å kaste langt? (Alle barna står på ei linje og kastar samstundes. Spring deretter og henter erteposen sin).

Variasjon

  • Ein kan variere aktiviteten med å gjere øvingar i par. Dømer på oppgåver er:
    • Kan de kaste ein ertepose til kvarandre?
    • Kan de kaste to erteposar samstundes?
    • Kan de liggje på magen og kaste til kvarandre?
    • Kan de stå rygg mot rygg og sende erteposen gjennom beina og over hovudet?
    • Greier den andre å fange erteposen som du kastar i ei kjegle, boks eller anna?

Utstyr

Ein ertepose per barn

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet