Leik med rockering

Hensikt

Gjennom leik med rockering vil barna øve på motoriske ferdigheiter knytt til koordinasjon og forflytning. I tillegg får barna vere kreative ved å utforske ulike måtar ein kan nytte rockeringen på.

Forklaring

Dømer på ulike oppgåver barna kan gjere med rockering:

  • Kan du balansere på rockeringen når den ligg på bakken?
  • Kan du springe rundt rockeringen?
  • Kan du hoppe inn og baklengs ut av rockeringen?
  • Kan du trille rockeringen og ha kappløp med den?
  • Kan du bruke rockeringen som hoppetau?
  • Kan du kaste rockeringen i lufta og ta den imot?
  • Kan du trille rockeringen og prøve å krype igjennom mens den er i fart?
  • Kan du snurre rockeringen rundt armen?
  • Kan du snurre rockeringen rundt foten?
  • Kan du kaste rockeringen rundt ei kjegle?
  • Kan du nytte foten til å vippe opp rockeringen?
  • Kan du ha ulike delar av kroppen inni rockeringen? Personalet seier t.d. to føter og ei hand, to hender og ein fot, ei panne …

Variasjon

  • Parøvingar med rockering:
    • Kan de rulle rockeringen til kvarandre?
    • Kan de kaste rockeringen til kvarandre utan at den er i bakken?
    • Kan de trille rockeringen og prøve å hoppe igjennom ein gong kvar før den går i bakken?
    • Den eine står inni ringen, og den andre held ringen vassrett. Klarar de å flytte dykk rundt i rommet utan at den inni ringen kjem borti ringen?
    • Klarar de å halde rockeringen oppe frå bakken mellom kroppane dykkar?

Utstyr

Ein rockering per barn

 

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet