Likt og ulikt

Hensikt

I Likt og ulikt blir barna kjent med omgrepet likt og ulikt medan dei er fysisk aktive og hentar gjenstandar som høyrer saman. Barna samarbeider for løyse oppgåva så fort som mogleg.

Forklaring

Den vaksne kan starte med å vise fram gjenstandar som er like, til dømes to sokkar. Eventuelt to gjenstandar som er ulike, men likevel høyrer saman, som bøtte og spade, dukke og dukkekle osb.

  1. Barna står to og to saman ein rockering på den eine sida av leikeområdet og får utdelt 4-6 gjenstandar.
  2. Det fyrste barnet spring til den andre sida av leikeområdet, hentar ein gjenstand som høyrer til ein dei allereie har fått utdelt og spring tilbake til rockeringen.
  3. Så er det nestemann sin tur og slik fortset leiken til alle gjenstandane er henta.

Variasjon

  • Ein variasjon av leiken kan vere at ein samlar alle gjenstandane på motsett side av leikeområdet. No skal fyrstemann hente ein gjenstand og ta med tilbake til sin rockering. Deretter skal parkameraten hente den gjenstanden som høyrer til. Etterpå byter dei roller.
  • Som ein annan variasjon kan ein nytte ulike måtar å forflytte seg på for å hente ein gjenstand, t.d. hoppe, hinke, hoppe sidelengs, galopp.

Utstyr

Rockering
Ulike gjenstandar som er like eller ulike

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet