Lotto i ulendt terreng

Hensikt

Lotto i ulendt terreng utfordrar barnet sitt arbeidsminne, då dei må hugse kva for kort dei skal finne i terrenget. I den meir vanskelege varianten skal barna setje saman informasjon, ved at korta ikkje er like, men likevel høyrer saman. Å leike leiken i ulendt terreng gjer at barna også blir utfordra motorisk.

Forklaring

  1. Den vaksne heng opp/legg ut ulike kort i terrenget.
  2. Barna får så utdelt eitt kort som dei må hugse.
  3. Barna går/spring deretter rundt i terrenget for å finne kortet som er likt (eller passar saman).
  4. Barna tek kortet med seg tilbake til den vaksne og får eit nytt.

Tips

  • I starten kan barna gjerne vere saman i par for å hjelpe kvarandre.
  • Det er enkelt å ta korta med på tur, dei tek liten plass i sekken og gjev mykje engasjement!

Variasjon

  • For å gjere leiken vanskelegare kan ein lage kort som ikkje er like, men som høyrer i saman, t.d. høne-egg, ku-mjølk. Ein kan óg nytte bokstavar, tal eller anna.
  • Ein kan variere terrenget ein held aktiviteten i. Ulendt terreng utfordrar motorikken til barna, og motbakkar aukar intensiteten.

Utstyr

Bunke med 2 og 2 like kort
Vanskelegare variant: 2 kort og 2 kort som høyrer saman

Last ned bingo- og lottokort her:

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet