Lue-stafett

Hensikt

I Lue-stafett er barna i moderat til høg fysisk aktivitet ved at dei nytter grovmotoriske rørsler knytt til forflytning.

Forklaring

  1. Del barna inn i ulike lag og avgrens eit leikeområde.
  2. Legg luene og/eller vottane på eine sida av området, og still barna opp på den andre sida.
  3. Fyrstemann på laget spring over leikeområdet og tek på seg si lue. Barnet spring deretter tilbake, og neste barn på laget spring over og finn si lue. Fortsett til alle på laget har funne si lue.
  4. Dersom ein óg har med vottane i stafetten, spring barna to rundar til kvar, for også å få på seg vottane sine.

Tips

  • Hugs å ha få barn på kvart lag for å unngå for lang kø.

Variasjon

  • Ein variasjon av leiken kan vere at ein legg ut mykje utstyr, t.d. spader, bøtter, pinnar og anna som ein har tilgjengeleg på uteområdet i midten av leikeområdet. Barna står no på kvar side av leikeområdet. No er det om å gjere for laga å samle mest mogleg ting til si side av leikeområdet. Alle barn kan springe samstundes, men det er berre lov å plukke med seg ein ting om gongen. Det laget som har samla flest ting har vunne.

Utstyr

Luer eller vottar

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet