Lyn, torden og regn

Hensikt

Leiken utfordrar arbeidsminnet til barna ved at dei må hugse kvar dei skal springe på ulike vêrmeldingar. Barna skal vidare handle så rask som råd etter vêrmeldinga. Ein kan gjere leiken ekstra utfordrande ved å leggje til fleire reglar etter kvart.

Forklaring

  1. På førehand blir ein einige om kva for side av leikeområdet som er lyn, torden og regn.
  2. Den vaksne eller eit barn er meteorolog og bestemmer kva for vêr det er.
  3. Meteorologen ropar ut ein av vêrtypane. T.d. «I dag melder eg regn».
  4. Barna skal så springe raskt til det området som svarar til vêrmeldinga.

Variasjon

  • Ein variasjon av leiken er «Helikoptertur»: Her bestemmer ein på førehand kvar ulike stader er. Barna snurrar rundt fritt på golvet som eit helikopter og den vaksne ropar: “Helikopteret landar i Oslo” og alle helikoptera skal då fly (springe) så raskt dei kan til den avtalte staden for Oslo.
  • Ein kan óg variere leiken ved å forflytte seg på andre måtar, som å hoppe, hinke, hoppe sidelengs osb.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet