Namneleiken

Hensikt

I denne leiken utfordrar ein arbeidsminnet til barna. Barna skal hugse kva for rørsle som er knytt til namnet til kvart barn.

Forklaring

  1. Alle barna stiller seg i ein ring med ein armlengds avstand mellom kvarandre.
  2. Eitt barn startar med å seie namnet sitt og gjer ei valfri rørsle; t.d. «Eg heiter Anne og gjer slik» (som kan vere å hinke).
  3. Etterpå svarer alle: «Du heiter Anne og gjer slik» (alle gjer rørsla som her var å hinke).
  4. Slik fortset leiken til alle har sagt namnet sitt og laga si eiga rørsle.
  5. Deretter tek ein runden ein gong til, men no utan at kvar enkelt seier namnet sitt. Den vaksne peikar på eit barn og alle seier namnet til den som blir peika på og gjer rørsla som barnet har valt. Leiken forsett rundt heile ringen.

Variasjon

  • Ei ekstra utfordring kan vere at ein peikar på barna i tilfeldig rekkjefølgje.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet