Nappe hale

Hensikt

I leiken Nappe hale er barna aktive i moderat til høg intensitet når dei prøvar å nappe halar frå andre barn, samstundes som dei prøver å halde på sine eigne halar.

Forklaring

  1. Alle barna får ein hale kvar som dei festar i bukselinningen bak på ryggen.
  2. På signal skal barna prøve å få tak i dei andre barna sin hale.
  3. Dersom eit barn greier å nappe ein hale frå eit anna barn, fester barnet halen bak i bukselinningen. No har barnet to halar å beskytte.
  4. Etter ei stund stoppar den vaksne leiken, og ein tel opp kor mange halar kvart barn har. Det barnet som har flest halar vinn.

Tips

  • Dersom ein leikar leiken ute og barna har dress, kan ein feste halane bak i nakken på dressen (det same gjeld inne dersom barna har på kjole eller buksedressar).
  • Barna vil mest sannsynleg trenge hjelp til å feste halane på plass, så dei vaksne må vere observante.

Variasjon

  • Ein variasjon av leiken kan vere at ein skal halde halane ein nappar i handa, men om ein mister halen ein har festa i bukselinningen, må ein feste ein av dei ein har i handa bak i linningen igjen.
  • Ein annan variasjon av leiken kan vere at alle barna utanom eitt barn startar med hale i bukselinningen. No er det berre barnet utan hale som kan nappe hale. Det barnet som det blir nappa hale ifrå, er no det barnet som kan nappe seg ein ny hale. For å gjere denne leiken litt vanskelegare kan det vere fleire barn som startar utan hale og som kan nappe halar.

Utstyr

Halar (merkeband eller vestar)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet