Naturbingo

Hensikt

Gjennom naturbingo får barna øvd på nøkkelord som omhandlar tematikkar dei arbeider med i barnehagen. Ved å henge ut bilete i naturen, der underlaget er ujamt, blir barna óg utfordra motorisk.

Forklaring

  1. Den vaksne heng opp bilete av ulike nøkkelord i ei løype ute i barnehagen, i skogen eller elles i naturen.
  2. Barna delast inn i grupper som er jamne med tanke på motorisk utvikling, slik at alle barna har like føresetnadar til å finne dei ulike bileta som heng ute.
  3. Kvar gruppe av barn har eitt ark der alle nøkkelorda er lista opp.
  4. Etter kvart som barna finn dei ulike bileta som heng ute, klistrar dei på eit klistremerke på nøkkelordet på arket dei har (evt. kryssar ut med tusjen).

Tips

  • Det er fint å laminere korta som ein heng ute og arket der alle nøkkelorda er samla -då kan ein nytte dei mange gonger.

Utstyr

Bilete av ulike nøkkelord som ein kan henge opp (t.d. laminerte bilete med snor)
Eitt ark til kvar gruppe der alle nøkkelorda står (gjerne laminert)
Klistremerke (evt. whiteboardtusj)

Last ned bingo- og lottokort her:

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet