Hensikt
Nordavind og sønnavind er ein sistenvariant som gjev moderat til høg intensitet, ved at ein skal unngå å bli fryst av nordavinden.
Forklaring
- Leikast i gruppe, bør vere minimum åtte barn. To barn er nordavind og eitt barn er sønnavind.
- Avgrens område for leiken.
- Dei to barna som er nordavind skal «fryse fast» så mange barn som mogleg ved å ta på dei. Blir du tatt, skal du stå i ro.
- Sønnavinden skal prøve å fri dei som er «stivfrosne» ved å blåse på dei.
- Byter roller etter ei stund
Variasjon
- Ein variasjon av leiken kan vere at sønnavinden er hemmeleg, og skal fri dei som er stivfrosne i skjul.
Utstyr
Ingen krav til utstyr.