På jakt etter former

Hensikt

I denne aktiviteten skal barna leite etter geometriske former medan dei er fysisk aktive. Dei må ta imot ein beskjed, og finne rett form anten åleine eller i samarbeid med andre.

Forklaring

  1. Samlar barnegruppa og gjev oppgåva som dei skal jakte på, gjerne på uteområdet i barnehagen.
  2. Døme på oppgåve: «Kan de sjå noko som har form som ein firkant/kvadrat?»
  3. Deretter skal barna springe så fort dei kan til noko som har form som ein firkant. Dei kan anten springe til kvar sine former, eller samarbeide om å finne noko som har rett form.
  4. Etter at alle har funne ei form, samlast barna igjen.
  5. Den som leiar leiken kjem med nye oppgåver (former) etter kvart.

Variasjon

  • Som ein variasjon kan ein leggje til ulike måtar å forflytte seg på. T.d. «Kan de krype til ein sirkel?», «Kan de hoppe til ein trekant?»
  • Barna kan samarbeide og halde saman to og to når dei leitar etter formene.
  • Ein kan leike leiken på t.d. ein skuleplass der det er oppteikna former.
  • Ein kan leggje ut forskjellige illustrasjonar av former på uteområdet som dei skal finne.
  • Ein kan óg få barna til å hente gjenstandar som har ulike former, og evt. lage dette til som ein stafett.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet