Hensikt
I denne versjonen av sisten skal barna samarbeide i par og vil ha høg intensitet når dei spring for å ta eit anna par.
Forklaring
- Alle barna lager par ved å halde i hendene.
- Eitt par (evt. fleire par om mange er med på leiken) har sisten og skal ta eit anna par.
- Når eit par blir tatt, overtek dei sisten og skal prøve å ta eit anna par.
Variasjon
- For å auke intensiteten i leiken kan ein ha fleire par som har sisten.
- Ved å t.d. gjere leikeområdet mindre må barna vere meir merksame på dei andre som er med på leiken for å unngå kollisjonar.
Utstyr
Ingen krav til utstyr.