Politi og røvar

Hensikt

I Politi og røvar leikar barna i moderat til høg intensitet, då dei skal springe for å fange røvarar eller springe vekk ifrå politiet. Barna utfordrar óg eigenskapar knytt til raske retningsendringar for å fange røvarar eller unngå å bli fanga av politiet.

Forklaring

  1. Bygg ein “by” med hus og gater. Ein kan byggje «byen» av benker, kasser, rockeringar, tau etc.. «Byen» blir ulike hinder i leiken.
  2. Det er ikkje lov til å gå på husa, berre i gatene.
  3. Barna fordeler seg i “gatene”, eitt eller to barn er politi og skal prøve å fange røvarane.
  4. Dersom ein røvar blir tatt av politiet byter dei roller.

Tips

  • For å markere kven som er politi, kan politiet halde ein ertepose/ liten ball i handa.

Variasjon

  • Leiken eignar seg godt i snø, for då kan ein lage vegar i snøen der det berre er lov til å gå på vegane. Ved å forme vegane som ein Ø, har røvarane moglegheit til å komme seg vekk frå politiet.

Utstyr

Utstyr til å byggje ein by med hinder

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet