Hensikt
I Postbodet skal barna springe i høg intensitet for å levere og hente «pakkar».
Forklaring
- Barna står i rekkjer (ca. tre barn).
- Fyrstemann i rekkja leverer «posten», dvs. spring og leverer ein ball eller liknande i ei korg (postkassen) og spring tilbake igjen.
- Nestemann i rekkja hentar «posten».
- Tredjemann leverer igjen osb. Det er valfritt kor mange rundar ein vil ha.
Tips
- Denne leiken kan gjennomførast på uteområdet der ein nytter spader som brev/pakkar og bøtter som postkasse.
Variasjon
- For å gjere postruta meir utfordrande kan ein leggje til hinder undervegs i postruta.
- Dersom ein har tilgang på ribbevegg (eller klatrestativ), kan ein nytte erteposar som brev, der breva skal postast i ein ribbevegg. Barna klatrar så høgt dei vil i ribbeveggen før dei postar brevet mellom ribbene. Det neste postbodet hentar brevet som no ligg på golvet.
Utstyr
Ballar eller anna utstyr som kan vere brev og pakkar