Postkassar

Hensikt

I aktiviteten Postkassar samarbeider barna i par om å poste brev med ulike former i rett postkasse. Aktiviteten utfordrar óg arbeidsminnet då barna skal hugse kvar dei ulike postkassane er plassert.

Forklaring

  1. Barna samarbeider to og to. Dei får utdelt ein konvolutt med bilete av ulike former.
  2. Rundt om på uteområdet er det hengt opp plastlommer med bilete av postkasse med ei form på, t.d. trekant.
  3. Barna trekk opp ein lapp frå konvolutten sin, t.d. ein lapp med ein trekant på. No er det om å gjere å finne den rette postkassen og poste lappen med forma i.
  4. Barna spring så attende til utgangspunktet og trekk ein ny lapp frå konvolutten sin. Slik held dei på til konvolutten er tom.

Tips

  • Ein kan utfordre barna til å prøve å hugse kvar dei ulike postkassane er.

Variasjon

  • Ein kan endre på tema som ein arbeider med, og i staden for bilete av former, kan ein ha nøkkelord som er knytt til tema ein arbeider med.

Utstyr

Plastlommer med bilete av postkasse og den aktuelle forma
Kort med dei ulike formene

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet