Potet på skei

Hensikt

I denne leiken skal barna prøve å balansere ei potet på ei skei medan ein forflyttar seg framover så fort ein kan utan å miste poteta.

Forklaring

  1. Del barna inn i grupper på tre eller fire.
  2. Fyrstemann i rekkja startar med skeia der poteta ligg oppi. Dette barnet går/spring så fort han/ho kan til det markerte området, vender og går/spring attende til gruppa si. Det er sjølvsagt ikkje lov å halde på poteta si.
  3. Fyrstemann overleverer no skeia med poteta til nestemann. Slik fortset leiken til alle har fullført.
  4. Dersom eit barn mister poteta, kan barnet plukke opp poteta og fortsetje løpet.

Variasjon

  • Ein organisere leiken som ei øving eller stafett.
  • Viss ein ynskjer å gjere leiken litt vanskelegare, kan ein bli einige om at dersom ein mister poteta si, må ein starte heilt på nytt.
  • Ein kan også gjere aktiviteten meir utfordrande ved å legge inn hinder i bana.

Utstyr

Skeier (evt. spader)
Poteter (evt. små ballar)
Eventuelt kjegler

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet