Raudt lys

Hensikt

I Raudt lys må barna hugse reglar, samt setje i gang og stoppe rørsler. Ein kan enkelt gjere leiken endå meir utfordrande ved å leggje inn fleire fargar på lysa, der kvar farge har sin regel.

Forklaring

  1. Den vaksne står ved ein vegg eller liknande med ryggen mot resten av barna som står i andre enden av leikeområdet.
  2. Barna skal prøve å komme seg over til den vaksne utan at den vaksne har sett at dei forflyttar seg. Så lenge den vaksne står med ryggen mot barna og tel «ein, to, tre», kan barna forflytte seg fritt mot den vaksne.
  3. Den vaksne ropar så «raudt lys!» og snur seg mot barna. Barna må då «fryse», og stå heilt stille til den vaksne snur seg igjen.
  4. Dersom den vaksne ser nokon som ikkje står stille, må desse gå tilbake til start.
  5. Det fyrste barnet som kjem over til den vaksne, leiar leiken i neste omgang (evt. saman med den vaksne).

Tips

  • I starten kan ein telje i same tempo, men etter kvart kan ein gjere leiken vanskelegare ved å variere mellom å telje sakte og raskt.
  • Om ein ikkje ynskjer at det berre er barnet som ikkje «frys» som må tilbake til start, kan eit tips vere at den som ikkje «frys» byter plass med den som står inntil veggen, og at alle dei andre må tilbake til start.

Variasjon

  • Som ein progresjon kan ein leggje til ein regel om at barna må «fryse» i ein spesiell posisjon (t.d. stå på ein fot, stå på alle fire).
  • Som ein annan progresjon kan ein leike leiken i par, då må ein ha kontroll på sine eigne rørsler og posisjonar, samt partnaren sin.
  • Som ein vidare progresjon kan ein leggje til ein ny regel, t.d. ved at om ein ropar «raudt lys» skal ein fryse i ståande posisjon, mens om ein ropar «grønt lys» skal ein fryse i sitjande posisjon. For ytterlegare progresjon kan ein også leggje inn gult lys, der ein skal fryse t.d. liggjande.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet