Reiseleiaren

Hensikt

I Reiseleiaren vil barna utfordre ulike ferdigheiter knytt til forflytning gjennom ein «late-som-tur». Barna får i tillegg vere kreative i korleis «reisa» blir.

Forklaring

  1. Gjennomførast i grupper på ca. tre og tre barn.
  2. Den som er fremst er reiseleiar (guide). Dette kan gjerne vere ein vaksen i starten.
  3. Den som er fremst leiar dei andre gjennom ein «late-som-tur», t.d. i skogen, i byen, i verdsrommet eller anna.
  4. Den som går fremst fortel då kvar dei er og kva for «hinder» dei må gå over eller komme forbi. T.d. må dei krysse ei elv, klatre over eit tre som har velta, gå under greiner osb.

Variasjon

  • Ein kan óg leike at ein er på togtur og at alle i gruppa heng saman i eit langt tog. Toget kan forflytte seg på mange ulike måtar og alle må henge på. Toget kan t.d. gå framlengs, baklengs, sidevegs, krypande, hinkande, på kne osb.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet