På denne ressurssida finn du korte tekstar og videoar knytt til ulike typar fysisk aktiv leik, tilrettelegging for fysisk aktivitet, motorisk utvikling og korleis ulike typar fysisk aktivitet påverkar barn si utvikling.
Ulike typar fysisk aktivitet
Her finn du ei beskriving av ulike typar fysisk aktiv leik som har ulike kvalitetar ved seg. Dei fire typane av fysisk aktivitet som er beskrive, er sjølvsagt vevde saman og ofte har aktivitetane både moderat til høg intensitet, er motorisk utfordrande og kognitivt engasjerande på same tid.
Tilrettelegging for fysisk aktivitet
Undervisningsprinsipp handlar om korleis me kan legge til rette for god fysisk aktivitet. Dette kan vere i skulen, til dømes i kroppsøving, i barnehagen, i idretten, eller i andre situasjonar der me vil legge til rette for god aktivitet.
Motorisk utvikling og læring
Her finn du to videoar om barn si motoriske utvikling, ein film om barn i alderen 0-15 månader og ein for barn i alderen 1-6 år.
Rettleiarar for fysisk aktivitet
Her finn du nasjonale råd for fysisk aktivitet. Du finn òg grunnleggjande informasjon om fysisk aktivitet og motorisk utvikling, samt tips til korleis ein kan planleggje, tilretteleggje og evaluere arbeid med fysisk aktivitet i eigen barnehage.