Hensikt
Rørsle til musikk vil gjere at barna leikar i moderat til høg intensitet. Ved å danse til musikk utfordrar også barna koordinative eigenskapar og rytme. Barna vil samstundes øve på det å lytte og å hugse ein beskjed når dei skal «fryse» i ein posisjon.
Forklaring
- Sei til barna kva for posisjon dei skal «fryse» i når musikken stoppar. Døme kan vere på magen, på ryggen, på rumpa.
- Sett på musikk.
- Barna dansar så lenge dei høyrer musikk.
- Når musikken stoppar skal dei “fryse” i den posisjonen dei fekk beskjed om.
- No får dei beskjed om neste posisjon.
- Når musikken startar igjen, skal barna reise seg kjapt opp og fortsetje å danse.
Variasjon
For å auke vanskegrada kan ein leggje inn fleire element ein skal gjere når musikken stoppar, t.d. “fyrst på ryggen, så på magen”.
Utstyr
Musikk (gjerne musikk som motiverer til høg aktivitet)