Hensikt
I denne leiken øver barna på ulike skiferdigheitar, samstundes som det er morosamt og spanande. Aktiviteten set krav til motoriske ferdigheiter som koordinasjon og balanse.
Forklaring
- Avgrens eit flatt område. Tilpass storleiken etter kor mange barn som er med.
- Barna går fritt rundt på leikeområdet. Eitt barn eller fleire har sisten.
- Når eit barn blir tatt, må det stå heilt i ro og blir fri ved at nokon tek det på skuldra. Bytt den/dei som har sisten etter ei stund.
Variasjon
- Ein kan leike ein variant av sjukehus-sisten, der det barna som blir tatt (blir sjuke) må dyttast til eit definert område som er sjukehuset for å bli fri. Barna som dyttar eit barn kan ikkje bli tatt.
- Ein annan variasjon er vanleg sisten, der barnet som blir tatt overtek som den som har sisten.
Utstyr
Ski