Sisten på ski

Hensikt

I denne leiken øver barna på ulike skiferdigheitar, samstundes som det er morosamt og spanande. Aktiviteten set krav til motoriske ferdigheiter som koordinasjon og balanse.

Forklaring

  1. Avgrens eit flatt område. Tilpass storleiken etter kor mange barn som er med.
  2. Barna går fritt rundt på leikeområdet. Eitt barn eller fleire har sisten.
  3. Når eit barn blir tatt, må det stå heilt i ro og blir fri ved at nokon tek det på skuldra. Bytt den/dei som har sisten etter ei stund.

Variasjon

  • Ein kan leike ein variant av sjukehus-sisten, der det barna som blir tatt (blir sjuke) må dyttast til eit definert område som er sjukehuset for å bli fri. Barna som dyttar eit barn kan ikkje bli tatt.
  • Ein annan variasjon er vanleg sisten, der barnet som blir tatt overtek som den som har sisten.

Utstyr

Ski

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet