Sjukehus-sisten

Hensikt

Sjukehus-sisten er ein sisten-variant som gjev moderat til høg intensitet. Leiken utfordrar óg samarbeid ved at barna må gå saman om å frakte pasientar til sjukehuset. Barn får óg utfordra styrken sin gjennom å dra sjuke barn.

Forklaring

  1. Leikast i gruppe.
  2. Avgrens eit område for leiken og fortel at matta er sjukehus.
  3. To er pest og skal gjere dei andre barna sjuke ved å fange dei.
  4. Barna som blir tatt legg seg ned på golvet og må vente på å bli frakta til sjukehuset (matta).
  5. Det sjuke barnet blir frisk igjen ved at to barn tek tak i kvar sin arm og dreg det til sjukehuset. Ingen av barna kan bli tekne når dei er opptekne med å frakte det sjuke barnet til sjukehuset.

Variasjon

  • Ein variasjon av leiken kan vere at det må fire barn til for å frakte eit barn til sjukehuset (eit barn på kvar arm og fot). Dette krev at ein er mange med i leiken.

Utstyr

Tjukkas eller matte

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet