Skipsvrak

Hensikt

Denne leiken er engasjerande og krev at barna er merksame på beskjedar og handlar raskt. Barna må samarbeide om å raskt hjelpe kvarande om bord i skipet. Samarbeid i små grupper gjer leiken motiverande.

Forklaring

  1. Definer eit leikeområde -dette er havet.
  2. Ein hai stiller seg i midten av området.
  3. Dei andre barna startar på den eine sida av leikeområdet i grupper på ca. tre barn. Kvar gruppe har ein rockering, dette er skipet.
  4. Når den vaksne ropar «Gå!», skal skipet krysse havet ved at barna går/spring mot den andre sida av leikeområdet mens dei held i rockeringen.
  5. Når den vaksne ropar «Skipsvrak!», skal barna sleppe rockeringen i bakken og raskt komme seg inn i rockeringen med begge beina. Den som er hai, skal prøve å fange eit barn før det kjem seg om bord i skipet (etter den vaksne har ropt «skipsvrak»).
  6. Dersom eit barn blir tatt, byter haien og barnet rolle (haien blir passasjer på det skipet som han fanga eit barn ifrå). Dersom det er mange barn med på leiken, kan ein ha fleire haiar.
  7. Den vaksne startar leiken igjen ved å rope «alle ut». Barna går då ut av ringen og fortset over havet ved å gå/springe mens dei held i rockeringen.
  8. Leiken fortset til alle skipa har kryssa havet.
  9. Når alle er over, kan ein t.d. leike leiken vidare med at skipa skal tilbake over havet eller segle til ein annan stad. No kan ein t.d. endre på kva for barn som er saman på dei ulike skipa.

Tips

  • Når barna skal lære leiken kan ein starte med at «skipa» går over leikeområdet, og etter kvart som leiken blir kjent kan ein auke tempoet ved å springe.

Variasjon

  • Ein kan variere korleis skipet seglar over havet; t.d. ved å seie at det er store bølger og dei må føre rockeringen opp og ned imellom seg mens dei går/spring, eller at skipet går i sikk-sakk og at dei dermed ikkje kan krysse havet rett over.

Utstyr

Rockeringar

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet