Skoball

Hensikt

I Skoball blir barna utfordra på å kaste ball og prøve å treffe eit barn i rørsle.

Forklaring

  1. Leikast i gruppe på tre barn.
  2. Legg skoa utover på leikeområdet, mellom to av barna. Det tredje barnet står i midten.
  3. Barnet i midten skal prøve å samle alle skoa utan å bli treft av ballen.
  4. Barna på kvar side skal prøve å treffe barnet i midten som samlar sko.
  5. Dersom barnet i midten blir treft, skal den som trefte no stå i midten og samle sko, medan den som var i midten tek plassen til den som trefte.
  6. Dersom barnet i midten greier å samle alle skoa utan å bli treft, kastar barnet alle skoa på bakken og ropar «Skoball».

Variasjon

  • Ein lettare variant av leiken er å ta vekk elementet med sko. Då skal barna berre prøve å treffe det barnet som er i midten. Den som treff byter plass med den i midten.
  • Ein kan også starte leiken med færre sko enn seks, og deretter auke tal på sko etter kvart som leiken er betre kjent.
  • Ein kan utvide leiken til å vere fleire. Alt etter kor mange som er med, legg ein til tal sko og evt. fleire ballar. No må barna i midten samarbeide om å samle opp alle skoa.

Utstyr

Mjuk ball
Seks sko

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet