Skulpturar

Hensikt

I denne leiken skal barna vere kreative og forme ulike skulpturar. Leiken utfordrar også sosiale ferdigheiter, der barna skal samarbeide og bli einige om korleis skulpturen skal sjå ut.

Forklaring

  1. Lag grupper på fire-fem barn. Fleire grupper kan vere med samstundes.
  2. Barna skal bruke sin kreativitet og forme ulike skulpturar. Alle barna må vere med i skulpturen og kvart barn må «henge saman» med minst eitt anna barn. Pass på at alle barna får komme med idear og er lyttande når dei planlegg skulpturen.

Tips

  • Denne aktiviteten passar godt etter eller mellom meir intensive leikar for å roe ned.

Variasjon

  • Ein variasjon kan vere at barna også får beskjed om kva skulpturen skal likne, men at dei sjølve skal kome fram til korleis dei vil forme det dei får beskjed om. Det kan t.d. vere ein bestemt gjenstand eller det kan vere noko valfritt innanfor ein kategori eller tema. Knytt gjerne skulpturane til tema som de arbeider med, som t.d. vinter.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet