Sola skin på…

Hensikt

I leiken Sola skin på … må barna lytte til ein instruks og vurdere korleis dei skal handle. Leiken set krav til konsentrasjon og språk.

Forklaring

  1. Barna sit på kvar sin stol i ein ring, eitt barn står i midten utan stol.
  2. Barnet i midten seier t.d.; “sola skin på dei som har svarte klede på”.
  3. Alle barna med svarte klede må no reise seg og finne seg ein ny stol. Barnet i midten skunder seg og tar ein stol som er ledig.
  4. Det barnet som ikkje finn seg ein ny stol er no i midten, og gjev ny instruksjon.

Variasjon

  • Barnet i midten kan gje instruksjon om kva som helst, og du som vaksen kan evt. bestemme kva dei skal gje instruksjon om. Det kan t.d. vere fargar på klede dei har på seg, eller kva ein likar å gjere eller ete.

Utstyr

Ein stol til kvart barn (eller t.d. sitjeunderlag eller rockering)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet