Songleik: Dette er ei tøysevise

Hensikt

I denne songleiken knyt barna rørsler til ein songtekst og får omgrepstrening.

Forklaring

  1. Syng songen «Dette er ei tøysevise».
  2. «Dette er ei tøysevise, tøysevise, tøysevise, dette er ei tøysevise og alle kan vere med». Barn og vaksne held kvarandre i hendene medan dei går rundt og syng. Den vaksne spør: «Har me halde i hendene?» Barna svarar «Ja!».
  3. Neste gong ein går rundt kan ein t.d. halde på hovudet. Den vaksne spør: «Har me halde i hendene?» «Ja!» «Har me halde på hovudet?» «Ja!»
  4. Den vaksne spør så: «Har me halde på magen?» Barna svarar då «Nei!». Så held ein på magen og fortset songleiken.

Variasjon

  • Ein kan holda på ulike kroppsdelar, t.d. skuldrene, øyrene, ryggen, albogane, rumpa, låra, knea, tærne.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet