Songleik: Fløy ein liten blåfugl

Hensikt

I denne songleiken knyt barna rørsler til ein song og øver på samarbeid. Aktiviteten kan òg vere av moderat til høg intensitet, i tillegg kan ein øve på grunnleggjande motoriske ferdigheiter.

Forklaring

  1. Syng songen «Fløy ein liten blåfugl».
  2. «Fløy ein liten blåfugl gjennom vindauga, gjennom vindauga, gjennom vindauga. Fløy ein liten blåfugl gjennom vindauga ein dag i mai». – Barn og vaksne held kvarandre i hendene medan dei går rundt i sirkel. Eitt barn spring rundt og prøver å smette inn og ut gjennom «vindauga» (mellomrommet mellom to barn/vaksne).
  3. «Tok seg ein gullklump skipp skipp skare, skipp skipp skare, skipp skipp skare. Tok seg ein gullklump skipp skipp skare ein dag i mai». Den som spring rundt tar eit av barna som står i ringen og dansar med barnet inni ringen, medan dei som står i ringen framleis går rundt i ring.

Variasjon

  • Alle kan sitje på golvet i ring, der barnet (blåfuglen) kan krype eller hoppe ut og inn gjennom «vindauga».

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet