Spring og hent

Hensikt

I Spring og hent blir barna sin konsentrasjon, sjølvregulering og reaksjon utfordra, ved at barna må ta imot ein beskjed og handle raskt på kommando.

Forklaring

  1. Barna står ved kvar si kjegle i ein sirkel. I midten av sirkelen er det ei kjegle og ved denne står leiaren av leiken.
  2. Den som leiar leiken roper ut kva for gjenstand barna skal hente. T.d. «spring og hent ei spade», «spring og hent ein stein», «spring og hent flaska di».
  3. Barna spring og hentar det dei får beskjed om og stiller seg tilbake ved kjegla si. No må barna vere konsentrerte og klar for neste steg i leiken.
  4. Når alle barna er tilbake til si kjegle ropar leiaren «Kjegle!».
  5. No skal barna springe til midten og prøve å få ta i kjegla som står der.
  6. Det barnet som tek kjegla, skal no vere leiaren av leiken.

Variasjon

  • Som ein variasjon kan ein leggje til at i staden for å stå ved kjegla si, skal dei gjere øvingar mens dei står ved kjegla. T.d. hoppe, hinke eller snurre.
  • Barna kan også få i oppgåve å nytte andre måtar å forflytte seg på når dei hentar gjenstandar. T.d. «Kryp og hent ein ertepose», «gå sidelengs og hent ei bøtte».
  • For dei yngste barna kan ein stoppe leiken ved punkt 3.

Utstyr

Kjegler

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet