Sprø trafikklys

Hensikt

Leiken utfordrar barna på å hugse reglar og starte og stoppe rørsler på ulike signal (verbale og visuelle), samt å sortere ut kva for informasjon som er viktig. Leiken startar enkelt med at barna skal handle etter eit signal, men blir vanskelegare ved at barna må handle på rett signal når dei får to motstridande signal samstundes.

Forklaring

  1. Barna skal etterlikne bilar (ved å springe) som køyrer på vegen og følgjer trafikklys. Dei må gjerne lage lydar.
  2. Når du ropar «grønt lys, køyr!», skal dei køyre fritt omkring. Når du ropar «raudt lys, stopp!» skal dei stoppe med ein gong.
  3. I neste del av leiken ropar du ingenting, men viser anten ei grøn kjegle/grønt ark når bilane skal køyre og ei raud kjegle/raudt ark når bilane skal stoppe.
  4. I den tredje delen av leiken skal du både rope og vise kjegle/ark. Nokre gonger vil desse to signala stemme overeins, ved at du ropar «køyr» og held opp ei grøn kjegle/grønt ark, medan det andre gonger ikkje vil vere samsvar mellom det du ropar og det du viser, t.d. du ropar «køyr», men held opp ei raud kjegle/raudt ark. Når det ikkje er samsvar mellom det du ropar og det du viser, skal barna følgje fargen på kjegla/arket som du held opp (og ignorere det du ropar).

Tips

  • Når barna skal lære leiken kan ein starte med å vere mjuke trafikantar, der ein går i trafikken og følgjer trafikklysa. Etter kvart kan ein leike at ein er ulike typar køyretøy og bilar for å endre på kor fort ein ynskjer at barna skal «køyre». Jo fortare bilane køyrer, jo meir merksame må barna vere for å ikkje kollidere med andre bilar.
  • Den vaksne må gjerne oppfordre bilane til å køyre på kryss og tvers, noko som også gjer at dei må vere meir merksame på sine medtrafikantar.
  • Barna liker godt å nytte utstyr, så dei kan gjerne halde ein rockering rundt seg som er bil, eller nytte ei motorikkskive som ratt.

Variasjon

  • Som progresjon, når alle barna meistrar leiken godt, kan ein byte om på reglane, der grønt viser til «stopp» og raudt viser til «køyr».
  • Dersom ein vil leggje til ein regel til kan ein ta med gult lys. Då blir barna og den vaksne einige om kva ein skal gjere på det gule lyset.

Utstyr

Kjegler eller laminerte ark i grønt og raudt

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet