Steinspel

Hensikt

I denne aktiviteten utfordrar barna sin auge-hand-koordinasjon. Aktiviteten er individuell.

Forklaring

  1. Barnet startar med ein stein i handa og fem på bakken.
  2. Utfordringa no er at barnet skal kaste opp steinen i handa og prøve å få tak i ein ny stein medan steinen er i lufta. Barnet skal så fange steinen som er i lufta med den same handa den var i før den treff bakken.
  3. Dersom barnet klarer dette, legg det ein stein i kvar hand. Kastar så opp ein stein i lufta og prøver å ta opp ein ny stein frå bakken, for så å fange den som er i lufta igjen.
  4. Dersom barnet klarar dette også legg det to steinar i den eine handa, og kastar ein stein igjen opp i lufta og prøver å få opp ein ny frå bakken.
  5. Barnet prøver å få tak i alle seks steinane.

Utstyr

6 små steinar (i storleik med ein liten terning)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet