Hensikt
I denne aktiviteten øvar ein på grunnleggjande skiferdigheitar, samstundes som det er spennande og morosamt. Leiken krev óg at barna samarbeider i par.
Forklaring
- Avgrens eit leikeområde.
- Del barna inn i par. Ved å leike Stiv heks i par, blir tempoet i leiken lågare.
- Alle para må halde saman i hendene, eitt par er heks og skal prøve å ta dei andre.
- Når eit par blir tatt, må det stille seg opp og danne ein portal med armane. Paret blir fri når eit anna par har passert gjennom portalen.
- Byt par som har sisten etter ei stund.
Variasjon
- Ein variasjon kan vere å leike Stiv heks på vanleg måte, ein og ein, der barna blir fri ved å krype imellom beina på dei som er tekne.
Utstyr
Ski (utan stavar)