Stiv heks i par på ski

Hensikt

I denne aktiviteten øvar ein på grunnleggjande skiferdigheitar, samstundes som det er spennande og morosamt. Leiken krev óg at barna samarbeider i par.

Forklaring

  1. Avgrens eit leikeområde.
  2. Del barna inn i par. Ved å leike Stiv heks i par, blir tempoet i leiken lågare.
  3. Alle para må halde saman i hendene, eitt par er heks og skal prøve å ta dei andre.
  4. Når eit par blir tatt, må det stille seg opp og danne ein portal med armane. Paret blir fri når eit anna par har passert gjennom portalen.
  5. Byt par som har sisten etter ei stund.

Variasjon

  • Ein variasjon kan vere å leike Stiv heks på vanleg måte, ein og ein, der barna blir fri ved å krype imellom beina på dei som er tekne.

Utstyr

Ski (utan stavar)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet