Sugekopp

Hensikt

I Sugekopp får barna utfordra kroppsstyrken sin, blant anna i armar og fingrar, noko som er viktig både for finmotorikk og grovmotorikk. I tillegg skal dei ta på kvarandre og arbeide saman i par som utfordrar samspel og samarbeid.

Forklaring

  1. Det eine barnet legg seg på golvet med spreidde armar og bein. Barnet skal prøve å suge seg fast til golvet.
  2. Det andre barnet skal no prøve å snu barnet som har sugd seg fast til golvet frå mage til rygg.
  3. Byter roller i neste runde.

Variasjon

  • Som ein variasjon kan ein leike at det eine barnet er ein mjølsekk som det andre skal slepe over golvet anten ved å dra i armane eller beina. Byter roller.
  • Ein annan variasjon kan vere at det eine barnet er ein trestokk (ligg heilt strak med armane saman strakt over hovudet) som det andre barnet skal rulle over golvet. Byter roller.
  • For å flette inn tema om ulike kroppsdelar, kan det eine barnet t.d. liggje med lukka auger, så skal det andre barnet ta på ulike kroppsdelar til barnet med lukka auger. Oppgåva til barnet med lukka auger er å seie namnet på kroppsdelen som det andre barnet tek på. Barnet som tek på kroppen til det andre barnet, kan ta på ulike kroppsdelar samstundes.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet