Tala frå 1-10

Hensikt

Gjennom aktiviteten øver barna på tala frå 1-10 medan ein er fysisk aktiv.

Forklaring

  1. Legg tala utover golvet eller på bakken.
  2. Barna spring rundt på leikeområdet medan det spelast musikk.
  3. Når musikken stoppar skal barna stoppe.
  4. Den vaksne ropar eit tal, og barna spring til det talet.

Variasjon

  • For å gjere leiken lettare kan ein i tillegg til talet vise mengda på arket (t.d. to prikkar på talet 2).
  • Ein kan leggje ut fleire eksemplar av kvart tal, t.d. tre av kvar. Då kan barna springe i ulik retning og barna vi då ikkje berre følgje etter dei andre barna.
  • Større barn kan få eit reknestykke når musikken stoppar, t.d. 1+2= 3, då skal dei springe til 3.
  • Ein kan byte ut å springe med å t.d. hoppe, hinke, åle.
  • Ein kan gjere same leiken med bokstavar, former og fargar.

Utstyr

Laminerte tal frå 1-10 eller evt. kjegler eller anna med tal på.
Musikk

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet