Talrekkjeblink

Hensikt

Gjennom denne aktiviteten arbeider barna med talrekkja 1-10. Aktiviteten utfordrar óg motorisk ferdigheit gjennom at ein kastar (evt. sparkar) ball.

Forklaring

  1. Den vaksne heng opp plakatar med tal (eller mengde) på veggen. Det kan t.d. vere pappfat eller laminerte ark.
  2. Barna skal kaste på tala i stigande rekkjefølgje. Fyrst på talet 1 og deretter 2, så 3 osb.

Variasjon

  • Progresjon i oppgåva med talrekkja kan vere at ein heng opp plakatane i tilfeldig rekkjefølgje, men at barna skal kaste på tala i stigande rekkjefølgje. Evt. kan barna få i oppgåve å treffe frå talet 10 og nedover.
  • Ein variant av leiken kan vere at ein skal kaste på kvart tal like mange gonger som talet seier. T.d. fire gonger på talet 4.
  • Ein annan variant av aktiviteten kan vere at ein kastar ein terning og skal treffe det talet som terningen viser. For dei eldre kan ein ha to terningar, så skal ein kaste på summen av desse to terningane (hugs tal frå 1-12 på plakatane).
  • Progresjon på kast får ein óg ved å auke avstanden til veggen, evt. kaste med ulik storleik på ballen eller kaste medan ein står på ein fot.
  • Variasjon i motorisk ferdigheit kan vere at barna skal sparke i staden for å kaste.

Utstyr

Ball
Erteposar
Plakatar med tal og/eller mengde

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet