Hensikt
I denne leiken får barna øve på å kople eit antall lydar til mengd og rørsle.
Forklaring
- Legg dei laminerte arka rundt omkring i rommet. Dei kan t.d. liggje oppå eller under borda. Varier løypa.
- Barna spring fritt til den som leiar leiken ropar «stopp», då frys alle barna og leiaren klappar ein, to, tre, fire, fem eller seks gongar i hendene. Høyrer barna to klapp skal dei finne arket med talet to osb.
Tips
- Det kan vere lurt å ha fleire ark med same tal/mengde, slik at ikkje alle barna treng å springe til det same arket.
Variasjon
- Ein variasjon av leiken er å trille ein terning. No blir oppgåva til barna å springe til talet som svarar til same mengde som auga på terningen viser.
Utstyr
Laminerte ark med tal og/eller mengd frå tala ein til seks.
Terning