Telle lydar

Hensikt

I denne leiken får barna øve på å kople eit antall lydar til mengd og rørsle.

Forklaring

  1. Legg dei laminerte arka rundt omkring i rommet. Dei kan t.d. liggje oppå eller under borda. Varier løypa.
  2. Barna spring fritt til den som leiar leiken ropar «stopp», då frys alle barna og leiaren klappar ein, to, tre, fire, fem eller seks gongar i hendene. Høyrer barna to klapp skal dei finne arket med talet to osb.

Tips

  • Det kan vere lurt å ha fleire ark med same tal/mengde, slik at ikkje alle barna treng å springe til det same arket.

Variasjon

  • Ein variasjon av leiken er å trille ein terning. No blir oppgåva til barna å springe til talet som svarar til same mengde som auga på terningen viser.

Utstyr

Laminerte ark med tal og/eller mengd frå tala ein til seks.
Terning

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet