Tema

I følgje rammeplanen skal «Barnehagen vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og stimulere rørsleleda og den motoriske utviklinga til barna» (s.11). Vidare står det at «I barnehagen skal barn oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre… Barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine» (s. 22) og at «Personalet skal ta i bruk varierte arbeidsmåtar, og arbeidsmåtane skal tilpassast til enkeltbarn, barnegruppa og lokalmiljøet… Arbeidsmåtane kan bidra til å skape engasjement, interesse og motivasjon og gir rom for å tilføre nye erfaringar og opplevingar i barnehagen» (s. 43).

Desse temasidene er meint som inspirasjon til korleis ein kan integrere fysisk aktivitet i barnehagekvardagen gjennom å nytte fysisk aktivitet som ein arbeidsmåte inn i ulike tema i barnehagen. Nokre av aktivitetane og leikane er tett kopla til tema, gjennom at leikane direkte omhandlar tema, medan andre aktivitetar og leiker tek utgangspunkt i ein leik som er vidareutvikla for bruk i tema.

Å integrere fysisk aktivitet i ulike læringsaktivitetar knytt til tema kan ha ei rekkje gunstige effektar. Sjå gjerne videoen om Fysisk aktiv læring som ligg på ressurssida. (lenke på video)

Me har nytta omgrepet nøkkelord om ord som er sentrale innanfor tema. Andre barnehagar har kanskje vekas eller månadens ord eller anna. Det blir arbeidd med å lage til utskriftmateriell for naturbingo og lotto innafor kvart tema.


Vennskap – bli kjent

Vennskap og sosial kompetanse er viktige tema i barnehagen. Empati, sjølvregulering, sjølvhevding, prososial åtferd og sjølvkjensle er viktige stikkord for sosial kompetanse. Barna skal bli kjent med kvarandre, få venner og vere ein del av eit fellesskap.

Meg sjølv – kroppen min – kjensler

I barnehagen skal ein bidra til at barna blir kjende med seg sjølv og eigen kropp, og bli trygg på denne. Korleis ser eg ut? Kva kan eg gjere med kroppen min? Kva kan andre gjere med kroppen min?

Haust

Hausten er ei fargerik årstid og har gjerne eit varierande vêr med sol, regn og vind. Hausten er óg tida for frukt og bær. Ta med barna ut og la dei nytte sansane sine. Kva ser og høyrer me?

Dyr og småkryp om hausten

Det er spennande å undre seg over kva som skjer med ulike dyr og insekt om hausten. Ein kan til dømes få kunnskap om bjørn, hoggorm og piggsvin som går i hi. Kva skjer med maurtua og mauren der? Kva skjer med insekta?

Brannvern

Det er viktig at barn får kjennskap til, og har gode haldningar knytt til brannvern. Alle barnehagar skal gjennomføre brannøvingar, men korleis og kor ofte ein organiserer dette varierer frå barnehage til barnehage.

Trafikk

Trafikkopplæringa skal utvikle barna sine haldningar og ferdigheiter til å bli ansvarsfulle og trygge trafikantar.

Barn i andre land

Når de arbeider med temaet Barn i andre land kan de til dømes leggje vekt på leikar der barna lærer om ulike land, levemåtar, dyr og musikk.

Jul – Aktivitetskalender

Jula er ei spennande tid for små og store. Her finn du vår aktivitetskalender, som fungerer som ein julekalender.

Vinter

Det er den første kuldegraden eller det første snøfallet. Barna stormer ut for å sanse, kjenne på og erfare vintervêr. Kva kjenneteikner vinteren? Korleis kan me vite at det er vinter? Kva kan me gjere om vinteren? 

Dyra om vinteren

Det er spennande å undre seg over kva som skjer med ulike dyr om vinteren. Nokre dyr ligg i hi og andre skiftar pels. Korleis skaffar dyra seg mat om vinteren? La barna utforske og danne seg nye erfaringar med naturen.

Samisk nasjonaldag

6. februar er Samisk nasjonaldag, og den blir ofte markert i barnehagen. Ein kan til dømes snakke om samisk kultur, setje opp lavvo, lage mat ute og leike at ein kastar lasso på reinsdyr. Kanskje kan ein lage rockekonsert med samisk musikk?

Karneval

Karneval er ein festdag i barnehagen. I dei fleste barnehagar er det utkledning, dans og drama som er i hovudfokus. Ein kan arbeide med temaet over ein lengre periode og slik bli kjent med ulike dyr, yrker, karakterar, eventyr og liknande. 

Påske

Påsken er ei viktig høgtid innanfor den kristne kulturarven. Livet sin seier over døden er både påsken og våren sitt tema. I barnehagen feirar me livet og lagar ting i barnehagen som symboliserar liv. 

Vår

Temperaturen stig og sola varmar. Det skjer endringar i naturen; det spirer og gror, me høyrer fuglane som kvitrar og små insekt vaknar til live. Våren er også tida for sansing og undring. Kva ser, luktar og høyrer me? 

Insekt og småkryp om våren

Gå ut på tur og få vårlege erfaringar med naturen. Lyft på steinar, leit under bark og trestubbar, grav i jorda for å sjå etter meitemark eller studer ei maurtue. Det er kjekt å undre seg saman med barna om ulike småkryp og skape eit felles engasjement rundt insekt og småkryp.

Nytt liv: Blomster og bier

Det skjer endringar i naturen der det spirer og gror, fuglane kvitrar og små insekt vaknar til live. Me kan sjå blomster i fine friske fargar og høyre bier som summar. Så frø saman med barna og studer utviklinga. Bli kjent med bia, humla og kvepsen. Kva gjer dei? 

Miljø og miljøvern

Korleis kan me ta vare på naturen vår? Kva høyrer heime i naturen og kva høyrer ikkje heime? Gå på tur i naturen og bli kjent med natur og dyreliv. Undre dykk saman og gje barna kjennskap til naturen, berekraft, søppel, gjenvinning, mat, restemat og kompost.

Nasjonaldagen 17. mai

Snakk med barna om kvifor me feirar 17. mai. Kvifor trur barna me feirer 17. mai? Bli kjend med ulike tradisjonar knytt til 17. mai. Undre saman om det norske flagget, form og farge.