Hensikt
I denne aktiviteten får barna erfare tala 1-6 med kroppen. Ved å hoppe det talet augene på terningen viser får barna kjenne at talet 6 er større enn talet 2, då det er meir anstrengande å hoppe seks gonger samanlikna med to.
Forklaring
- Barna står i ring.
- Det barnet som har terningen vel ein aktivitet, t.d. hoppe, snurre som eit helikopter, leggje seg på magen osb.
- Deretter triller barnet terningen og alle barna utfører valt aktivitet like mange gonger som augene på terningen viser. Barna tel høgt mens ein gjer aktiviteten.
Variasjon
- Dersom ein ynskjer å gjere aktiviteten vanskelegare, kan ein nytte to terningar og addere augene på terningane. T.d. om ein trillar 5 og 1, gjer ein aktiviteten seks gonger.
Utstyr
Ein terning (evt. 2 for dei eldste barna)