Terningen bestemmer

Hensikt

I denne aktiviteten får barna erfare tala 1-6 med kroppen. Ved å hoppe det talet augene på terningen viser får barna kjenne at talet 6 er større enn talet 2, då det er meir anstrengande å hoppe seks gonger samanlikna med to.

Forklaring

  1. Barna står i ring.
  2. Det barnet som har terningen vel ein aktivitet, t.d. hoppe, snurre som eit helikopter, leggje seg på magen osb.
  3. Deretter triller barnet terningen og alle barna utfører valt aktivitet like mange gonger som augene på terningen viser. Barna tel høgt mens ein gjer aktiviteten.

Variasjon

  • Dersom ein ynskjer å gjere aktiviteten vanskelegare, kan ein nytte to terningar og addere augene på terningane. T.d. om ein trillar 5 og 1, gjer ein aktiviteten seks gonger.

Utstyr

Ein terning (evt. 2 for dei eldste barna)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet