Terningleik

Hensikt

Gjennom aktiviteten gjer barna kroppslege erfaringar til tala 1-6. Til dømes erfarer barna at talet 3 er mindre enn talet 6, då avstanden dei skal springe er kortare.

Forklaring

  1. Den vaksne set ut 6 kjegler på ei rekkje frå der barna står (den fyrste kjegla er nært og den sjette kjegla er lengst vekke).
  2. Barna i kvar gruppe står på rekkje og det fremste barnet triller terningen. Deretter spring dette barnet til den kjegla som samsvarar med tal auger terningen viser. Om ein får 4, spring ein til kjegle som står som nr. 4 i rekkja.
  3. Når barnet kjem tilbake til gruppa, triller det neste barnet terningen og spring til rett kjegle.

Tips

  • Når barna skal lære leiken kan ein øve nokre rundar med at alle barna spring til rett kjegle samstundes.
  • Dersom ein ikkje har kjegler kan ein t.d. nytte steinar, kongler eller erteposar for å markere dei seks stadene ein skal springe til.

Variasjon

  • Denne leiken er lett å lage om til ein stafett ved at alle gruppene startar samstundes og stoppar når alle har sprunge ein runde. Her er det flaks som styrer kven som vinn og ikkje dei som spring fortast.
  • Som ein variasjon til å springe til kjegler, kan ein leggje 6 rockeringar på rekkje der barna skal hoppe i rockeringane slik terningen viser (når terningen har tre auger skal barna hoppe i dei tre fyrste rockeringane og tilbake igjen.
  • Ein annan variant er å leggje ut 6 rockeringar i rekkje med ei bøtte i enden. Her skal barna trille terningen, og deretter hoppe fram like mange hopp som terningen viser. Barna har med seg tre erteposar og no skal dei kaste erteposar opp i bøtta. Her er det fordel å få høgt tal, for då er det lettast å kaste erteposane i bøtta.

Utstyr

6 kjegler (med eller utan tal) per gruppe
1 terning per gruppe (evt. 12 kjegler og 2 terningar for dei eldste barna)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet