Togturen

Hensikt

I denne leiken er barna på safari og lærer om dyr medan dei er fysisk aktive. Gjennom leiken får barna bruke kroppen til å ape etter rørslemønsteret til ulike dyr.

Forklaring

  1. Alle sit på ein benk eller anna som er toget.
  2. Den som sit fremst er lokførar og bestemmer kvar toget skal. T.d. reiser ein til Afrika og tek turen ut på savannen. Der ser ein eit dyr. Den vaksne spør barna om kva for dyr som bur i Afrika. Dersom barna svarar løve, spør den vaksne: “Korleis spring ei løve?”.
  3. Barnet viser, og alle barna blir løver. Alle spring rundt og er løver ei stund før ein stoppar opp og snakkar om kva løver et. Barna seier kjøt og alle blir løver som er ute på jakt. Ein finn t.d. ei antilope (snakkar om kva det er) og et den. Deretter spring løvene tilbake til toget.
  4. Toget køyrer vidare og barna ser eit nytt dyr. Det er viktig at den vaksne er engasjert i leiken og utforskar vidare med historia.

Variasjon

  • Her kan ein styre kva for rørsler ein vil at barna skal gjere ved å sjå ulike typar dyr. Dømer på ulike dyrerørsler er:
    – Elefant: trampar
    – Kenguru: hopp på to bein der ein bøyer godt i knea
    – Leopard: spring fort
    – Slange: åle seg
    – Bjørn: hender og føter i golvet
    – Skilpadde: krabbar på kne og underarmar
    – Pingvin: beina tett saman og armane tett i sida, vaggande gange med bittesmå steg
    – Mus: sette hæl inntil tå (som å balansere på ei line)
    – Frosk: hopp på to bein der ei tek hendene i golvet mellom hoppa
    – Hest: galoppering
    – And: gå på huk
    – Sel: ligg på magen, men løftar overkroppen opp på armane. Forflyttar seg med armane
    – Krabbe: føter og hender i bakken med ryggen mot bakken, sidelengs gange
    – Fugl: lette hopp der ein flaksar med armane
    – Flamingo: stå på ein fot
    – Sjøstjerne: hopp, der ein førar armar og bein ut og inn
  • Som ein variasjon kan ein vere om bord i ein ubåt og sjå etter dyr i havet.

Utstyr

Benk eller anna som er tog

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet