Ut i byen

Hensikt

I denne aktiviteten skal barna springe i høg intensitet tilbake til «huset sitt» etter å ha vært ein tur «i byen». Barna øver samstundes på det å ta imot ein beskjed og kjapt velje rett «hus».

Forklaring

  1. Legg ut rockeringar i ulike fargar. Rockeringane illustrerer byen med hus i ulike fargar.
  2. Barna spring rundt omkring rundt ein vaksen, medan den vaksne nynnar «Ut i byen, ut i byen» om den vaksne vil.
  3. Når barna har sprunge nokre rundar ropar den vaksne: «Spring heim til det raude huset ditt». Barna skal då springe til den raude rockeringen.
  4. I neste runde kan den vaksne rope ein annan farge.

Variasjon

  • Ein kan variere måten barna forflyttar seg på, t.d. kan dei krype, åle, hinke, hoppe.
  • Ein variasjon til leiken «Ut i byen» er leiken «Finn eit tre».
    1. Her merkar ein trea med ulik farge (band eller anna).
    2. Barna spring så fritt i skogen heilt til den vaksne ropar: «Finn eit gult tre».
    3. Barna spring då til treet som har rett farge. Barna skal så ut å springe igjen (eller t.d. hoppe).
    4. Den vaksne ropar så at barna skal finne eit nytt tre, og barna spring til treet med rett farge.

Utstyr

Rockeringar

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet